Dette var den første skituren friluftslivgruppa har våre på.
Me møtte opp ved friluftslivlageret klokka 9 slik som vanleg og her fekk me utdelt kvar vår spade, etterpå køyrde me med minibuss opp til Gunnvordalen. Vel framme tok me på oss ski og klompa oss saman i grupper for å peike ut ein kursen me skulle gå. Her er rute me valde.
På grunn av mykje snø, bratte bakkar og at ikkje all ehadde like bra feste med skiaførte til at me gjekk mykje meir på kryss og tvers en tette kartet viser.
Etter ein del styr i byrjinga av turen med nåkre feller som ikkje passa skikkeleg, men etter ei stund var me godt i gang og når det var tid for mat gravde me oss ein sofa og åt pølser på termos.
Når me var lei av å ete pølser gjore me eit lite forrsøk med skredfare, me gravde ned i snøen slik at me fekk ein kant og slik at m ekunne sjå dei ulike laga med snø, deretter slo me på toppen med ein spade får å sjå om det var skredfare. Som forventa viste det seg at det var heilt trygt for ras.
Me fortsatte å gå i sikksakk og bytte på å gå først, men det viste seg at det var ikkje så lett for meg å brøyte veg når eg sank langt ned i snøen pga tynne ski. Vel oppe etter å ha holdt oss i rassikkert område heile vegen sette me oss ned for å vente på alle saman, slik at me kunne sigle i samla tropp ned. Det viste seg veldig fort (som forventa) at eg ikkje var blant dei beste nor det gjalt køyring i laussnø. Gruppa blei ganske fort delt i to ettersom ca halve klassen kunne dette medan resten forsatte å rulle ned. etter ei stund ga eg opp å prøve og halde meg på beina, eg fant ut at det var best å berre sigle rett ned for så og håpe på det beste, dette gjekk då ein del fortare en då eg brøvde å sigle roleg og kontrolert. Eit par hundre fall seinare kom eg endeleg ned til bussen.
Til forskjell frå dei andre turane me har våre på så vil eg sei at eg lerte noko nytt på denne turen, eg lærte nemleg afatteleg mange måtar å reise meg opp igjen etter å ha tryna i snøen, eg vart faktisk ganske flink til slutt. Så alt i alt vil eg sei at dette var ein vellyka tur og me nåddet dei måla me sette oss før turen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar