onsdag 7. desember 2011

Tur til Halsavatnet


Fredag den 25/11 hadde me fagdag i friluftsliv så dermed reiste me på tur.
Turen gjekk til halsavatnet, me møtte opp på skulen klokka 09.00 og tok bussen opp til fretland, derifrå gjekk me på veg ut til stokkesete der me hadd ein liten pause. Vegen opp hit var prega av godt humør og omfattande snøballkasting. Frå stokkesete gjekk turen vidare inn djupedalen og inn til kiggavatnet. Planen var eigentleg å fiske for hand ved kiggavatnet, men dette blei ikkje noko av på grunn av for mykje vatn, snø og is. Frå kiggavatnet gjekk turen vidare til Nuken, men før me kom opp på nuken tok me matpause for å sjå om veret letta og om me kunne fortsette eller om me berre burde snu. Når me var ferdige å ete var det fortsatt ikkje noko bedre ver i sikte så be bestemte oss ganske enkelt for å snu nase heimover og gå tilbake. Turen heimover gjekk like fint som turen oppover med untak av nokon som vart våte på føtene og måtte skifte. Det var og litt meir vind på veg ned igjen så det var ikkje noko problem å sjå at me tok det rette valget når me valgte å snu.
-          Kva gjekk bra? Eg hadde kledd meg heilt perfekt for denne type tur, så eg tør påstå at det gjekk bra, men for gruppa sin del gjekk det bra å oppretholde eit godt humør sjølv om veret var imot oss på denne turen.
-          Kva gjek mindre bra? Det faktum at me endte opp med å snu var vel den tingen som ikkje gjekk etter planen, men bortsett frå veret som me ikkje kan styre kunne eg ønske eg hadde tatt med meg tinte brødskiver.
-          Nådde de måla for turen? Me nådde dei fleste måla me hadde sett opp for denne turen, blant anna holdt me oss ganske samla som ei gruppe og det var ingen som forsvant utan først og ha sagt ifrå. Det var heller ingen som tok unødvendige sjansar på turen og det må me sei oss fornøgd med, men sidan det å kome fram må kunne settjast opp som eit mål kan me ikkje sei at me nådde alle måla.
-          Korleis fungerte gruppa? Gruppene fungerte bra, men sidan dette berre var ein eindagstur vart ikkje gruppene så individuelle som når me søv i telt og har teltgrupper. Det som fungerte bra på denne turen var at heile klassen jobba saman som ei gruppe å all evar med å ta avgerelsar på for eksempel vegvalg.
-          Deltok du i felles opgåver? Igenn sidan dette berre var ein eindagstur var det ikkje så mange fellesoppgåver som å lage mat eller sette opp telt, men me hadde ein leik på vegen heim og den var jo felles.
-          Ville du ha gjort noko anleis? Dersom eg skulle ha gjort noko anleis på denne turen hadde eg tatt med meg varm mat og drikke og eit ekstra par hanskar.
-          Lærte du noko nytt? På denne turen lærte eg at brød ikkje tinar i minusgrader og eg fekk bekrefta det at  når ein er på tur må ein sjå ann ver og vind, det er ingen skam og snu.

4 kommentarer:

  1. Artigt innlegg, men det kunne ha vore litt fleire bilder.

    SvarSlett
  2. Bra du koste deg! Du skrive bra men savna kanskje eit par bilde fra turen:)

    SvarSlett
  3. Hei Dag! :) Kul blogg, bra at du har teke med spørsmåla :) men kanskje du kan slenge med eit par bilete frå turen ? :D

    SvarSlett
  4. bra innlegg! einig me dei andre, bilde hadde vore kjekt! :)

    SvarSlett