tirsdag 13. mars 2012

Tur til Vardafjellet



Denne gongen gjekk turen til vardafjellet, det vil sei at me skulle køyre trekket i hodlekve opp og gå opp til vardafjellet og innover mot blåfjell dersom me fekk tid til det. Memøtte som vanleg opp ved friluftslivlageret for å få spadar stormkjøken og raudsprit. Deretter tok me bussen opp til hodlekve.
Måla med denne turen var stort sett maten, dvs at me skulle tørke mat og lag ”energibarar” å ha med oss, dermed vart det ein del ekstra planlegging på førehand med å sidan maten måtte tørke i alt for mange timar. Eg endte opp med å tørke kjøtbollar, eple, gullerot og poteter. Turbaren eg lagde var musli, peanøttsmør og kokesjokolade, dette var svert lett og rakst å lage og vart faktisk svert etbart.

Kjøtbollegryte ;)
Sjølve turen gjekk frå toppen av skitrekket i hodlekve og innover mot vardafjell/blåfjell. Pga, overskya ver vart det veldig vanskeleg å sjå kor me skulle gå, men sidan alle saman er kjent i ommrådet var det aldri nokon fare for at me skulle gå oss bort. Men me kom heller aldri veldig langt sidan me måtte tilbake å finne ein plass me kunne sette oss ned å laga mat.

God sikt :)
Like etter me snudde kom heldigvis sola og me kunne sette oss ned å lage mat i finveret, maten eg hadde lagd på førehand gjekk fint å varme opp, sjølv om eg må inrømme at energibarane smakte bedre.


Etter matpausen sigla me ned trekket og ned til busshaldeplassen og venta på bussen der.
Alt i alt vil eg sei at dette vart ein svert vellykka tur der me fullførte dei turmåla me sette opp som viktige.

1 kommentar: