tirsdag 20. september 2011

Turlogg 1.

Dag 1:



 Me møtte opp på skulen ca klokka 09.00 på onsdag, der fekk me utdelt telt, stornkjøken og raudsprit som me skulle fordele på gruppa. Frå skulen tok me buss til øvstedalen. Første målet va å gå til furusete der me skulle ete lunsj. Dette gjekk heilt fint utan for store problem eller regn. Etter lunsj skulle me gå til Fjærlandsete der me slo opp telta. Pga at det var så vått i bakken måtte me leite ei stund før me fann ein fin plass å sette opp telt. når me hadde sett opp telta byrja det å regne nesten med ein gang, så me berre lagde oss inn i telta eit par timar får å vente på at regnet skulle gi seg. I 4-5 tiden vart det litt mindre regn so då fiska m eein stund (ingen fekk fisk). Etter fiskinga var det middag, så me fylte opp stormkjøkenet med raudsprit å tente på. Alle hadde med seg hamburgarar til middag. Utover på kvelden kvelden holdt me oss for det meste inn ei teltet.

Dag 2:

På dag 2 pakka med ned telta, åt frukost og pakka saman elle ting før klokka var 10, slik at me skulle ha god tid til bussen (ikkje alle gruppene pakka like fort :) Halveges ned igjenn stoppa me ved eit vatn der me fiska/åt lunsj, me fekk berre ein fisk... resten av turen ned gjekk heilt fint bortsett fra at me vart sittande å vente på bussen i 20 min.


Kva gjekk bra? :

Bekledningen
Maten
Teltplassen
Telta
fiskinga (me fek jo 1 fisk)
Med andre ord hadde me ingenting å klage på sia det meste gjekk bra.

Kva gjekk mindre bra? :

Me var jo ikkj eså heldige med veret på denne turen, så det var ganske vått. Ellers var det vel berre kartlesingen heilt på slutten av turen som var litt mangelfull, men me fant fram utan for store problem.

Nådde de måla for turen? :

Me sov i telt, lagde mat på stormkjøken, hadde da kjekt osv... Og det betyr vel at måla med turen var nådd, spessielt når det viktigaste målet var å ha det kjekt.

Korleis fungerte gruppa? :

Gruppa den fungerte bra, me delte utstyret mellom oss slik at alle bar litt av fellesutstyret kvar og båte matlagingen og berre det å vere i telteg kjekk veldig bra.

Deltok du i felles oppgåver? :

Dei felles oppgåvene på gruppa vår var å ber ein del av fellesutstyret, lage mat ilag og sette opp å pakke saman teltet, og sidan eg var med på dette vil eg vel kunne sei at eg var med på felles oppgåver.

Ville du ha gjort nåke anleis? :

Bortsett fra å pakke inn alt i plastposar so ville eg ikkje gjort nåke anleis (skal hugse på dette til neste tur :D )

Lærte du noko nytt? :

Eg lærte det at det fins planter på fjellet som fjernar hoveverk, personleg trur eg det er fordi at den smakar så jævligt. Eg lærte å det at det ikkj er kjekt med ei lekk raudspritflaske i sekken. (Nest egang hugs pose...)

1 kommentar:

  1. Bra du har nådd det viktigaste måler; "Ha det kjekt"! Informativ blogg:)

    SvarSlett